Eggenipa 1338moh
Eggenipa er med sin eigenart, ein av dei mest fotograferte fjellformasjonane i Sogn og Fjordane.
Med si spisse form er fjellet blitt eit ikon for fotografar og folk på vandretur.
Fjellet ruvar 1338 m.o.h., og opplevingane er store og majestetiske. Utsikt, storslått natur, høgdemeter og mjølkesyre er opplevingar du vil ha på turen.
Eggenipa på TV – i «Vokteren» på TV 2
Eggenipa får i desse dagar nasjonal TV-eksponering. I sesong 2 av Vokteren på TV 2 er Eggenipa eitt av turmåla deltakarane må bryne seg på.
Programmet tek deltakarane gjennom krevjande utfordringar i spektakulær natur, og i fleire av episodane står Vestlandsnaturen sentralt. Når deltakarane kjem til Gloppen, ventar ei av dei mest ikoniske fjellturane i regionen. Vi gledar oss til å følge med!
Prosjekt Nibberåsa
Foreininga NIBBERÅSA, som vart etablert i juni 2017, har som føremål å legge til rette for eit godt turløypenett i Øvredals- og Eggenipaområdet. Som ein del av dette er no prosjekt Eggenipa under planlegging. Eit prosjekt der ein vil legge til rette for ein betre sti til og frå toppen, og med det gjere fjellet meir tilgjengeleg for folk flest.
I dag er dette ein tur mange kvir seg på å gå då det tidvis er veldig bratt og smalt, og du må halde deg i kjetting for å forsere enkelte parti. Dette skremmer mange frå å legge ut på turen.
Få namnet ditt på eit trappetrinn i Nibberåsa!
Trappa er halvvegs ferdig. No sel vi trappetrinn for å sikre at arbeidet kan halde fram utan avbrot.
Vil du bli ein del av historia og samtidig støtte eit viktig tursti-prosjekt? No har du sjansen til å få namnet ditt foreviga på den populære turstien opp Nibberåsa! Ved å kjøpe eit trappetrinn, kan du ikkje berre sette eit personleg preg på stien, men også bidra til vidare utvikling av denne spektakulære turen. Trappa gjer det lettare å nå toppen og opne for endå fleire naturopplevingar for alle.
Prisen på eit trappetrinn er 5000 kroner for bedrifter og 2000 kroner for privatpersonar.
Vi har også bedriftspakkar for bedrifter som har lyst på fleire trappetrinn eller ei tilpassa løysing.
Bli med på turen...
Bom og Veiavgift
I vår har vi jobba med å få på plass automatisk bomstasjon, denne er no sett i drift.
Bomavgifta er nødvendig for å halde vegen vedlike.
Prisar:
Enkeltpassering personbil under 3500kg: 75,-
Enkeltpassering for kjøretøy over 3500kg: 100,-
Klippekort -10 klipp: 600,-
Årskort 1. kjøretøy: 1000,-
Besøkande treng ikkje stanse ved bommen for å betale men har frist på å betale innan 48 timar på youpark.no.
Dersom du ikkje betalar på youpark.no blir det automatisk utstedt ein faktura med eit tillegg til registrert eigar av kjøretøyet, med informasjon frå motorvognregisteret, dersom kjøretøyet er registrert i Norge. Sjå youpark.no om fakturakostnader
For dei som nyttar vegen mykje kan ein kjøpe årskort eller «klippekort» til redusert pris her.
Grunneigarar har mulighet for abonnement med fri passering.
Les meir om bomløysinga på youpark.no
Informasjonsbrosjyre
Vi har laga ei informasjonsbrosjyre om prosjektet. Du finn denne på butikkar i Breim, men kan og lese den her!